stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI

JOTI-treff (10.10.16)

No er det under ei veke til speidarar frå heile Sogn og Fjordane igjen kan møtast på Teigen...

Rune Rasmussen fekk Æreskniven (29.04.14)

Nettsida er à jour! (25.02.14)

Nettsida er no oppdatert med alt av referat, kontaktinformasjon, dokument osb. Saksdokumenta...

Resultat KBK 2013 (28.04.13)

Speiding for store og små (14.06.12)

Torsdag 7. juni og måndag 11. juni var kretsen på besøk på høvesvis Trudvang skule i...

«Maur» frå Systrond 1 vann KBK! (29.04.12)

Jentene i patruljen «Maur» frå Systrond 1 var dei som kunne juble aller høgast under...

34 på årsmøtet! (28.02.11)

Søndag 27. februar vart årsmøtet i Sogn og Fjordane krets halde, med heile 34 personar til...

Systrond-speidarane har fått KBK-merka sine

Systrond slo til!

Publisert: 12.04.2010 kl. 16:56 - sist oppdatert: 12.04.2010 kl. 17:19

Førre helg arrangerte speidarane i Sogn og Fjordane patruljekonkurransen KBK i Førde. Alt i alt var om lag 40 speidarar og leiarar med, og det var ein glad gjeng frå speidargruppa i Leikanger, Systrond 1, som stakk av med sigeren.

«KBK» står for kretsbannerkonkurransen, og er ein kvalifiseringskonkurranse til NM i speiding, som i år skal vere i Tysvær i Rogaland. Både vinnarpatruljen og nummer to får moglegheit til å reise, og vinnarane får også med seg kretsbanneret heim til gruppa i eitt år.

På fredagskvelden kom speidarane, frå fem ulike speidargrupper, fram til leirområdet på Førde Gjestehus og Camping. For å nå alt dei skulle, måtte speidarane vere effektive med teltet og utsmykkinga av området sitt denne kvelden, for laurdagen var stappfull av konkurransar. Han tok til med ei såkalla pioneringsoppgåve, altså arbeid med tau og stokkar. Ho gjekk ut på at speidarane skulle lage ei flaggstong som var minst fem meter høg, og som sjølvsagt måtte stå stødig. For å få til dette med dei utdelte trestokkane, måtte dei skøytast med ei tausurring. Overraskande mange fekk dette godt til, og då oppgåva var ferdig hadde campingplassen plutseleg fått seg mange nye, flotte flaggstenger.

Vidare skulle patruljen gjennom fyrstehjelp, der dei mellom anna måtte hjelpe ein skadd person. Dessutan vart både området, teltet, samarbeidet og miljøet til patruljane nøye inspisert. Kvart år er det også ei såkalla hemmeleg oppgåve, som har svært opne råmer, og som difor kan vere det meste. I år skulle speidarane sjølv lage eit sjakkbrett med fullstendig brikkesett av det dei hadde fått utdelt: mellom anna sponplate, tusj, møbelknottar, papp og binders. Dei beste av bretta hadde det iallfall ikkje vore noko problem å bruke til skikkeleg sjakkspeling, for bretta var fine og gjennomførde, og det var lett å kjenne att brikkene.

På ettermiddag og kveld var det middag og dessert som stod på planen, noko speidarane også vart vurderte på, både når det gjaldt hygiene og smak og tillaging av maten. Til middag var det steikt ris som stod på menyen, og til dessert «tilslørte speidargutar». Då laurdagen var over, var det – som så mange gonger før – svært jamt i teten. Ei oppgåve stod att til søndagen, og det var orientering. Postane var spreidde over eit ganske stort område på campingplassen, så arrangementsstaben var i tvil om speidarane ville greie å nå alle på den tilmålte tida. Men jammen slo ikkje heile fire av seks patruljar til med full pott for den gode kompassbruken sin.

Det var altså små marginar om å gjere, og resultatet vart til slutt at «Gaupe» frå Systrond 1 vann med 121 poeng over «Kløver» frå Nordfjordeid, som hadde 120. Verken speidarane i «Gaupe» frå Systrond 1 eller dei som kom på andreplass, «Kløver» frå Nordfjordeid, var seine med å seie at dei skulle til NM!
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Speiderbasen
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no