stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI

JOTI-treff (10.10.16)

No er det under ei veke til speidarar frå heile Sogn og Fjordane igjen kan møtast på Teigen...

Rune Rasmussen fekk Æreskniven (29.04.14)

Nettsida er à jour! (25.02.14)

Nettsida er no oppdatert med alt av referat, kontaktinformasjon, dokument osb. Saksdokumenta...

Resultat KBK 2013 (28.04.13)

Speiding for store og små (14.06.12)

Torsdag 7. juni og måndag 11. juni var kretsen på besøk på høvesvis Trudvang skule i...

«Maur» frå Systrond 1 vann KBK! (29.04.12)

Jentene i patruljen «Maur» frå Systrond 1 var dei som kunne juble aller høgast under...

34 på årsmøtet! (28.02.11)

Søndag 27. februar vart årsmøtet i Sogn og Fjordane krets halde, med heile 34 personar til...

Sikkerhetskurset med mange deltakarar!

Publisert: 11.05.2010 kl. 22:43 - sist oppdatert: 07.06.2010 kl. 14:47

På same stad og til same tid som KBK-en, gjekk det også eit anna speidararrangement føre seg – nemleg Sikkerhetskurset. Kurset er ein del av grunntreninga i Norges speiderforbund, og innhaldet er friluftsbasert med fokus på tryggleik.

Godt oppmøte
To av tre modular i Sikkerhetskurset vart gjennomførde denne helga: Sikkerhet på tur og Nyingen. Kurset hadde sjeldsynt godt oppmøte, med heile 12 deltakarar – 8 frå Førde, 2 frå Florø og 2 frå Eid.

God mat
I tillegg til det reint faglege innhaldet, fekk deltakarane i oppgåve å lage til festmiddag. Menyen var  nakkekotelettar, steikte mandelpoteter, grønsaker og rosépeparsaus. Til dessert var det fruktsalat med vaniljeis. Men det vart endå meir god mat på deltakarane, for under sjølve kursøktene fekk dei mellom anna prøve å steikje brød på stormkjøkken og steinheller.

Alt gjekk godt!
Wenche Selland, som var ein av to leiartrenarar på kurset, oppsummerte helga slik: – Masse god mat, kjekke kursdeltakarar og god evaluering. Alt i alt eit svært vellukka kurs, altså.

shkurs2010_2.png
Fornøgde kursdeltakarar og leiartrenarar.
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: UkjentUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Finn di næraste speidargruppe
Kart over Sogn og Fjordane
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no