stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI

JOTI-treff (10.10.16)

No er det under ei veke til speidarar frå heile Sogn og Fjordane igjen kan møtast på Teigen...

Rune Rasmussen fekk Æreskniven (29.04.14)

Nettsida er à jour! (25.02.14)

Nettsida er no oppdatert med alt av referat, kontaktinformasjon, dokument osb. Saksdokumenta...

Resultat KBK 2013 (28.04.13)

Speiding for store og små (14.06.12)

Torsdag 7. juni og måndag 11. juni var kretsen på besøk på høvesvis Trudvang skule i...

«Maur» frå Systrond 1 vann KBK! (29.04.12)

Jentene i patruljen «Maur» frå Systrond 1 var dei som kunne juble aller høgast under...

34 på årsmøtet! (28.02.11)

Søndag 27. februar vart årsmøtet i Sogn og Fjordane krets halde, med heile 34 personar til...

Skulane vi besøkte: Dingemoen skule til venstre og Trudvang skule til høgre.

Speiding for store og små

Publisert: 14.06.2012 kl. 12:25 - sist oppdatert: 15.06.2012 kl. 11:57

Torsdag 7. juni og måndag 11. juni var kretsen på besøk på høvesvis Trudvang skule i Sogndal og Dingemoen skule i Dale. Der fekk ungane prøve typiske speidaraktivitetar, og dei vaksne fekk høyre om speiding som fritidsaktivitet og kva som skal til for å drive ei gruppe.

Kretsen synest speidinga har så mykje å bidra med som fritidsaktivitet at mange fleire bør få moglegheit til å oppleve fellesskapen vår. Difor plukka vi oss ut to stader, Dale og Sogndal, som vi ville besøkje med eit nytt opplegg.

I Sogndal eksisterer det allereie ei gruppe med både pengar, utstyr og hytte, men ho har vore sovande dei siste åra. I Dale finst det derimot ingenting, så det var spennande å sjå kva ein kunne få ut av dei to ulike utgangspunkta.

Vi inviterte ein del av barneskuletrinna på desse stadene til ein såkalla speidarkveld med aktivitetar som livline, fyrstehjelp, knutar og grilling. I tillegg heldt vi ein presentasjon og eit møte for foreldra.

Begge stader verka ungane å vere strålande nøgde etter å ha prøvd ut dei ulike aktivitetane våre, og foreldra likte også det dei såg. Tida vil vise kva resultatet blir, men i Sogndal er det allereie avtala nytt møte med dei ivrigaste, så det er nok truleg at kretsen får ei aktiv gruppe der til hausten!

Kretsstyret konkluderer med at det nok ikkje blir siste gongen vi prøver ut denne modellen, for vi vil alltid trenge ny giv, og det har vi fått!
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: NRK Sogn og FjordaneUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no