stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
29.03.08 2007 – eit minnerikt år
27.03.08 Velkomen til sfj.scout.no!

2007 – eit minnerikt år

Publisert: 29.03.2008 kl. 22:55 - sist oppdatert: 21.05.2008 kl. 15:49

Mange har nok gode minne frå i fjor. I alle fall i speidarsamanheng. Det største var sjølvsagt at speidarrørsla feira 100 år. Dette vart mellom anna markert på Skei laurdag 21. april 2007. Kretsleiren på Svanøya var også eit høgdepunkt. På hausten hadde vi JOTA-helg på Fagerneset. Ein kunne kort sagt vere med på mykje.

2007 var eit jubileumsår. I alle fall for dei som har tilknytting til speidaren i ei eller anna form. Speidarane i Sogn og Fjordane hadde høve til å vere med på fleire ulike arrangement. Her kjem litt om nokre av dei.

Speiding i 100, 21. april 2007 på Skei
Saman med Sogn og Fjordane krets av Norges KFUK-KFUM-speidere vart det storkalas på Skei i Jølster denne dagen. Jubilanten, som elles fylte hundre år, var ingen annan enn speidarrørsla sjølv. Mange speidarar møtte på Skei denne dagen og var med å gjere dette til ein fin fest. Det var lagt opp til fleire aktivitetar i sentrum, i tillegg til at alle kunne vere med på ein patruljekonkurranse med ulike morosame aktivitetar. I tillegg var det stor speidargudsteneste med sjølvaste biskopen på besøk. Som seg hør og bør i ein bursdag var det sjølvsagt også bursdagskake på Skei denne dagen, og den var ikkje lita! Dagen vart avslutta med diskotek på Skei hotell.

Kretsleir, 23.–30. juni på Svanøy
Sogn og Fjordane krets hadde også kretsleir i 2007. Den var lagt til flotte Svanøy utanfor Florø. Her kosa over 100 speidarar seg på leir i ei heil veke. Aktivitetane det var lagt opp til var mellom anna pionering, orientering, drakeflyging, volleyball og øyhopping som haik. På denne siste fekk speidarane seg ein tur til øya Fanøy, der dei overnatta ei natt. Dagen etterpå var det besøk på Kinn, for å sjå kyrkja der og gå på Kinnaklova, som stod på planen. Det vart også tid til ein tur på hjortesenteret på Svanøy då speidarane kom heim att frå øyhoppinga. Der vart det høve til å sjå og mate hjort på nært hald. Leiren hadde strålande vêr, og var både spennande og minnerik for deltakarane.

Speidarsamling med JOTA, 19.–21. oktober 2007 på Fagerneset
For andre år på rad var det speidaramling med JOTA på Fagerneset mellom Vadheim og Lavik. Denne helga fekk speidarane snakke med speidarar frå andre stader over radio. Dette var sjølvsagt svært populært, i tillegg til dei andre aktivitetane som var mellom anna orientering, knutar, fyrstehjelp og bygging av pionerarbeidmodellar. Mange speidarar var samla på Fagerneset denne helga, og det var berre positive tilbakemeldingar å få.
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Samansett av Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no