stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
29.03.08 2007 – eit minnerikt år
27.03.08 Velkomen til sfj.scout.no!
Hjortane frå Naustdal under opningsseremonien

Brev heim frå NM i speiding

Publisert: 14.06.2008 kl. 17:33 - sist oppdatert: 19.01.2009 kl. 15:53

NM i speiding er godt i gang her på Solli gard i Asker. Nærare 100 patruljar frå heile landet er med, og mellom dei er Hjort frå Naustdal frå kretsen vår. Speidarane har allereie vore gjennom fleire oppgåver, som praktisk 1 og orientering.

Kongeleg opning
Laurdagen byrja med opningsseremoni for speidarane etter at dei hadde fått i seg litt frukost. Etter velkomst frå prosjektleiar Kjetil Andreas Andersen og kretsleiar i Asker og Bærum krets kom sjølvaste kronprinsesse Mette-Marit på scena. Ho er høg beskyttar for Norges speidarforbund og hadde fått i oppgåve å opne arrangementet. Etterpå fekk nokre av speidarane høve til å helse på kronprinsessa.
nm2008_kronprinsesse.JPG
Asbjørn frå Naustdal fekk helse på kronprinsessa.

Fyrste oppgåve
Klokka 10 var det tid for praktisk 1. Oppgåva her var å lage eit krokketsett, med kølle, kule og startstav. Det var ei spennande oppgåve, og speidarane frå Naustdal fekk laga ferdig settet til fristen.
nm2008_oppg__ve.JPG
Hjort frå Naustdal lagar krokketsett på praktisk oppgåve 1.


Orientering
Seinare var det tid for orienteringsløp. Løypa var lagt opp som eit standard orienteringsløp i nærleiken av leirområdet. I følgje dei sjølv gjorde ikkje speidarane frå Naustdal det så godt på denne, men vi får satse på at det går betre seinare i konkurransen.

Praktisk 2
I skrivande stund held speidarane på med praktisk oppgåve nummer 2. Her skal dei lage eit tredimensjonalt noregskart med m.a. gips.

Anna
Anna som har vore på planen er inspeksjonar og teorioppgåve.

Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no