stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
13.04.08 Hjort frå Naustdal vann KBK!
Vinnarpatruljen: Bak f.v.: Arnfinn, Asbjørn, Mathias, Oda og Vilde. Framme f.v.: Adrian og Ida. Alle frå Naustdal speidargruppe.

Hjort frå Naustdal vann KBK!

Publisert: 13.04.2008 kl. 19:55 - sist oppdatert: 14.04.2008 kl. 21:05

Årets kretsbannerkonkurranse vart halden på Leikanger i Sogn 11.-13. april. Dei fornøgde vinnarane vart patruljen «Hjort» frå Naustdal.

Konkurransen starta fredag kveld med teorioppgåve. Svara skulle leverast inn etter frukosten på laurdag. Så gjekk konkurransen slag i slag utover dagen, med oppgåver i pionering, inspeksjon av telt og leirområde, fyrstehjelp, kakelaging og hemmeleg oppgåve (lage primitivt kokeapparat). Miljø og samarbeid i patruljen vart også vurdert.

Poengjakta mellom patruljane «Elg» frå Systrond og «Hjort» frå Naustdal var jamn utover heile laurdagen, og enda med ei leiing på 10 poeng til «Hjort». Siste oppgåva søndag morgon var orientering. Spenninga var stor etter orienteringa, sidan «elgane» hadde gjort det godt, og «hjortane» ikkje hadde fått det til. Leiinga til «Hjort» heldt likevel til ein knapp siger med 3,5 poeng; 99,5 mot 96 av 150 moglege poeng.

Vinnarane i patruljen «Hjort» frå Naustdal storkosa seg under kunkurransen, og peffen (leiaren) i patruljen, Arnfinn Øyra, uttalte: «Eg trudde nesten eg var på ferie!» «Ferieturen» er i boks, den. Vinnarane får nemleg reise på NM i speiding, som i år skal vere i Asker utanfor Oslo. Men det får også nummer 2 i konkurransen. Dermed kan også elgane frå Systrond reise til NM om dei vil. Gratulerer og god tur!

KBK___kake.png
Med kokken Heidi i spissen laga patruljen «Elg» ei velsmakande bløtkake. Frå venstre: Johanne, Heidi, Johan, Viljar, Gabriel, Silje og Bjørn.


Hemmeleg oppgåve: Test av primitivt kokeapparat. Oda og Arnfinn har fått fyr i «vasskokaren». Vil han fungere?
Tekst: Eirik Ulltang Birkeland og Inge ByrkjelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Speiderbasen
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no