stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
16.05.08 Sunnfjord-gruppene fekk verktøykassar
«Gruppelederens verktøykasse» – ein nyttig reiskap for gruppeleiaren i kvardagen

Sunnfjord-gruppene fekk verktøykassar

Publisert: 16.05.2008 kl. 19:37 - sist oppdatert: 24.05.2008 kl. 14:43

Torsdag 15. mai var alle Sunnfjord-gruppene i kretsen, dvs. Florø FA, Naustdal og Førde, samla i Florø. Der fekk dei utdelt den nye «Gruppelederens verktøykasse». I tillegg vart det tid til annan prat, mellom anna om samarbeid gruppene imellom og om kretsen.

Dei nye verktøykassane som gruppeleiarane skal få er på veg ut til gruppene her i fylket. Dei fyrste som fekk dei var Florø FA, Naustdal og Førde. «Gruppelederens verktøykasse» er laga av speidarforbundet, er i form av ein liten sekk, og hovudinnhaldet er ein perm med det meste av informasjon gruppeleiarane måtte trenge. I tillegg til dette har sekken også litt morosamt innhald, mellom anna «ordstopparar» (kjærleik på pinne) og «medisin mot heimlengsel» (drops).

- Det har vore eit sakn etter noko slikt heilt sidan organisasjonshandboka til NSF ikkje vart laga meir, seier Wenche Selland frå Naustdal som leidde møtet i Florø. Ho og fleire med henne håpar dette kan vere starten på å få att litt meir materiale i papirform frå forbundet, og ikkje berre på Internett.

I tillegg til introduksjon og utdeling av verktøykassen, vart det også litt tid til å diskutere andre ting. Dei tre speidargruppene i Sunnfjord ligg svært nær kvarandre, og kanskje kan ein samarbeide om fleire turar, for å gje kvar gruppe mindre arbeid? Det vart ein nyttig diskusjon, og i tillegg til samarbeid vart det også snakka om kretsen og kretsarrangement. Det verka som at dei fleste syntest det hadde vore ei god samling som førte til mange gode innspel frå gruppene.
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Speiderbasen
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no