stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
18.09.08 Paintball-moro med Florø FA
14.09.08 Stor leiarsamling på Ingelsrud
Det var mange speidarleiarar på Ingelsrud denne helga

Stor leiarsamling på Ingelsrud

Publisert: 14.09.2008 kl. 17:56 - sist oppdatert: 14.09.2008 kl. 22:29

Siste helga i august gjekk NSF si nye satsing «Lederløft» av stabelen på Ingelsrud for andre året på rad. Her var det tid for både fagleg påfyll, interessante føredrag og sosialt samvere. Deltakartalet var om lag 300, mange fleire enn i fjor.

Taco og revyføredrag
Fredag kveld stod det taco på matborda på Ingelsrud. Gildesalen var full av svoltne leiarar. Seinare på kvelden var det opning av arrangementet og humor og alvor med Torolf Nordbø og Tor Moen Tønnesen i «Han innante». Dei underheldt som to bygdeoriginalar frå Ryfylke og hadde føredrag som seg sjølve. Det vart mykje latter på låven den kvelden!

Fritt øktval
Laurdag var det fritt val melllom alle dei ulike øktene som var tilbydde. Her kunne ein velje mellom alt frå emnekurset «Pil og boge» til temaet «Rover i Europa». Dermed burde det finnast økter for dei fleste smakar. Mange fekk iallfall smaken av god mat under lunsjen, då det vart servert bakt potet med rømme, ost og skinke til. Etter lunsjen heldt ein fram med økt 2. Nokre heldt fram med det same som i den fyrste, medan andre kunne velje fleire økter. Dette opplegget fungerte godt. og folk hadde det kjekt på øktene, om ein skal tru det dei sa når dei var ferdige.

Ein hundekøyrar og ein islending
Laurdag føremiddag var det også eit spennande føredrag med Harald Tunheim som er hundekøyrar og lærar på ein folkehøgskule med friluftslivsfag. Han har vunne Finnmarksløpet fem gonger og delteke i verdas lengste sledehundløp, Iditarod, tre gonger. Han fortalde om løpa sine gjennom ord, bilete og film. Seinare var det Finna Sigurðardóttir som føredrog for deltakarane. Ho kjem frå Island og sit i europastyret i WAGGGS. Føredraget hennar var interessant og handla om vekst og leiarkvalitet.

Gourmetmiddag
Laurdag kveld var det duka til festmiddag på låven. På menyen stod det stekt kyllingfilet med soppsaus, slottspoteter og grønsaker til. Maten smakte nydeleg. Til dessert var det buffet med ikkje mindre enn åtte ulike sortar å velje mellom. Speidarsjefen heldt også tale under middagen.

Deltakarar frå fylket vårt
Sogn og Fjordane krets hadde med tre deltakarar på «Lederløft». Underteikna, Niels Larsen og Thorleif Jakobsen. Kanskje får vi med fleire neste år? Det var uansett verdt å ta turen til Ingelsrud denne helga.
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Finn di næraste speidargruppe
Kart over Sogn og Fjordane
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no