stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
18.09.08 Paintball-moro med Florø FA
14.09.08 Stor leiarsamling på Ingelsrud
Speidarane har fått på seg verneutstyr og er klare til paintballspeling

Paintball-moro med Florø FA

Publisert: 18.09.2008 kl. 09:24 - sist oppdatert: 15.10.2008 kl. 15:59

Helga 12.–14. september inviterte Florø FA speidargruppe dei nærmaste gruppene til ei helg med paintballspeling på leirstaden deira, Knapstad. Speidarane som kom frå Florø FA, Førde og Naustdal mora seg i skogen rundt Knapstad.

Mange veit nok kva «paintball» er, men for dei som ikkje gjer det, så er det eit spel/ein konkurranse der ein skyt malingkuler på kvarandre frå såkalla «markørar». Ein tek på seg ein del verneutstyr og så er det berre å gå inn på det avgrensa området og prøve å treffe motstandarane. Når ein vert treft er ein ute av spelet.

Laurdag vart det sett opp lag med speidarar frå ulike grupper. Laga spelte så mot kvarandre i ei turnering. Til slutt stod det att eit vinnarlag der deltakarane faktisk kom frå alle deltakargruppene. Søndag vart spelinga organisert litt annleis. Då skulle speidarane duellere mot kvarandre.

Nokre trekte seg rett nok frå spelinga etter kvart, men alt i alt kan ein nok seie at alle såg ut til å ha ei kjekk helg, truleg også grunna den sosiale delen av samlinga.

paintballvinnarar.png
Vinnarlaget i paintballturneringa
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Speiderbasen
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no