stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
12.10.08 Speidardiskusjon på Notodden
Hektisk innsjekk på fredagen

Speidardiskusjon på Notodden

Publisert: 12.10.2008 kl. 21:37 - sist oppdatert: 15.10.2008 kl. 16:02

Fyrste helga i oktober var det igjen duka for Speidar- og roverforum. Speidarar og roverar frå heile landet var samla for å diskutere dei viktigaste sakene som skal opp på Speidartinget siste helga i oktober. Sogn og Fjordane krets stilte med alle sine fire delegatar, to på Speidarforum og to på Roverforum.

Viktig for speidarane og speidarforbundet
Speidar- og roverforum er eit viktig ledd både for at også speidarar og roverar skal få seie si meining om viktige saker til Speidartinget, men også for speidarforbundet som på denne måten får sikra at organisasjonen si målgruppe vert høyrt i saker som i aller høgste grad angår dei. Speidarane får også trening i god møteskikk gjennom foruma. Dei vert arrangert annankvart år nokre veker før Speidartinget. I år var arrangementet på Notodden vidaregåande skule og viktige saker var m.a. endringar i grunnreglane i NSF, krav om politiattest frå leiarar og sal/avhending av eigedomar.

Spennande gruvetur
Speidarane som var på Notodden denne helga fekk også med seg ein spennande tur inn i sølvgruvene på Kongsberg. Turen inn føregjekk i nokre små togvogner i mørkret. Vel inne fekk ein omvising i gruvene. Ein fekk høve til både å studere ulike teknikkar for gruvedrift, drifta gjennom tidene og ulike maskiner som vart brukte i drifta. Turen vart avslutta med «leirbål utan bål» i ein hall som var laga inne i fjellet.

Utopilia – landsleir for roverar
Tre representantar frå roverleiren på Utopia stilte òg denne helga. Dei fortalde og reklamerte for denne delen av leiren, som har fått det artige namnet «Utopilia». I tillegg hadde dei med seg ringkastspel med landsleirvri. Målet for kasta var nemleg fjelltoppar rundt Åndalsnes. Mange engasjerte seg i dette, og det vart ikkje færre som prøvde seg då Utopilia-representantane lokka med t-skjorter til dei som samla mest poeng.

God oppleving
Å vere med på Speidar- eller Roverforum er absolutt ei nyttig og kjekk oppleving. Neste sjanse kjem i 2010 så då er det berre å melde interessa si dersom ein har lyst til å vere med!

utopilia.png
Ringkast på fjelltoppane rundt Åndalsnes!
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no