stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
01.11.08 Speidartinget 2008 i Haugesund
Stemmeteikn i lufta under Speidartinget 2008.

Speidartinget 2008 i Haugesund

Publisert: 01.11.2008 kl. 21:40 - sist oppdatert: 19.01.2009 kl. 15:49

Speidartinget 2008 fann stad på Rica Hotell Maritim i Haugesund den siste helga i oktober. Niels Larsen og Eirik Ulltang Birkeland reiste frå kretsen vår, og dei hadde ei kjekk helg der det store fokuset var saka om eigedommane i Norges speiderforbund.

Eit stykke å køyre
Ferda til Haugesund starta for meg tidleg fredag morgon, då eg sette meg i bilen og vart køyrd til ferjekaia på Mannheller. Eg tok ferja over til Fodnes, der Niels stod og venta på meg. Så bar det vidare i bilen hans, gjennom Lærdalstunnelen og vidare mot Haugesund. Då vi kom fram, som nokre av dei siste grunna den lange bilturen, var opninga så vidt i gang. Vi skunda oss inn og fann plassane våre.

Mykje å snakke om
Sjølve Speidartinget strekte seg over heile helga, frå fredag til søndag. Men det var også tid til pausar og diskusjonar i mindre grupper innimellom. Og ikkje minst god hotellmat. Den store saka på årets speidarting var saka om eigedommane i Norges speidarforbund. Diskusjonen gjekk heile helga gjennom, mange var skeptiske til speidarstyret sitt forslag, medan andre likte det godt. Det endelege vedtaket, med 80 av 94 stemmer, vart eit forslag frå Morten Nygård frå Østre Østfold krets. Dette var sett saman av begge dei tidlegare forslaga 7.1 og 7.2 frå speidarstyret, med visse endringar. Speidertinget vedtok at ein skal behalde tre eigedommar, Solstølen, Tredalen og Ingelsrud, medan ein skal starte avhending av dei andre eigedommane. Styret skal oppnemne ei prosjektgruppe som skal lage ei innstilling om konsept, innhald, organisering og finansiering av dei nye speidarsentera. Dette skal vere på plass innan utgangen av 2009.

Andre viktige saker
Andre viktige saker som var oppe, var mellom andre den om politiattest frå leiarar og endring av formålsparagrafen. Begge desse vart vedtekne. Det vart ikkje framlegget om å endre vilkåra for eksklusjon frå forbundet. Derimot stemde tinget for å opprette eit klageorgan for suspensjons- og eksklusjonsvedtak. Medlemmene i dette organet vart også valde. Strategisk plan og budsjettsakene vart vedtekne. Vi fekk også eit nytt speidarstyre der medlemmene er Lars Atle Andersen (speidarsjef), Heidi Jannicke Andersen (visespeidarsjef), Elise Nordskag, Roald Amundsen, Knut Slettebak, Lars Flateby og Marit Engdal (styremedlemmer). Tre personar fekk den høgaste utmerkinga i forbundet, Sølvulven. Desse var Ivar Anton Nøttestad, Arnt Øvreness og Erik Bodahl-Johansen.

God bagasje
Sidan det var fyrste gongen eg var på Speidartinget, gledde eg meg veldig. Eg var spent på korleis ting skulle føregå, og eg måtte spekulere på kva eg skulle stemme for i dei ulike sakene. Speidartinget vart ei svært kjekk, men også nyttig, oppleving som eg vil ta med meg vidare. Kort sagt fekk eg med meg mykje god bagasje heim att.
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Nina Therese Blix / NSFUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no