stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
18.04.09 Heimesiger til «Kløver» frå Eid
Denne gjengen frå Nordfjordeid speidargruppe vann KBK 2009.

Heimesiger til «Kløver» frå Eid

Publisert: 18.04.2009 kl. 00:55 - sist oppdatert: 11.12.2009 kl. 13:40

Det vart heimegruppa Eid som stakk av med sigeren i KBK-en i år. Han vart halden på «Plassen» på Eid, og fem patruljer frå fire ulike grupper var med.

Kveldsmat og fyrste oppgåve
Fredag ettermiddag kom 29 spente speidarar til Nordfjordeid for å vere med på den årlege KBK-en i Sogn og Fjordane krets. Etter at telta var sette opp, vart kveldsmaten, betasuppe, servert. Etter at maten var ferdig, var det tid for den fyrste oppgåva. Her måtte det seriøs tenking til, for no skulle speidarane løyse teorioppgåva, med spørsmål både frå speidarlivet og kvardagslivet elles. 

Langdag for speidarane
Det er på laurdagen det meste skjer på ein KBK. Ein byrjar friskt tidleg på morgonen, med flaggheis og frukost, før fyrste oppgåve tek til. Dagen byrja med pioneringsoppgåva, der speidarane skulle lage ein stol av det utdelte materialet. Alle patruljene var kreative og flinke, men nokre nådde ikkje heilt å verte ferdige til tidsfristen som var sett.

Andre oppgåver speidarane fekk bryne seg på var fyrstehjelp, der dei mellom anna skulle lage ei båre, matlaging, som var kjøttbollar i karrisaus, orientering og den hemmelege oppgåva, der speidarane i år skulle planleggje og framføre ein Scout's Own. I tillegg vert både telt, patruljeområde og patruljemiljø inspisert.

Heimesiger
Som sagt vart det heimesiger på KBK-en i år, og det til ei patrulje som var heilt ferske i KBK-samanheng. «Kløver» greidde seg jamt over godt på alle oppgåvene, men utmerkte seg spesielt på pioneringsoppgåva, med ei original og god løysing.

«Kløver» vart dermed den patruljen som stakk av med kretsbanneret og får ha det det neste året. I tillegg får patrulja høve til å reise til NM i speiding, noko dei bestemte seg rimeleg fort for at dei ville. NM skal i år føregå på Stend litt utanfor Bergen, og det er fyrste gong i år at KFUK-KFUM-speiderne også er med.

Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Eirik Ulltang BirkelandUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no