stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
23.08.09 It’s Time: Roverleir i Afrika
Som ein del av rundreisa vil den norske kontingenten reise ut på spennnade safari – på jakt etter «dei fem store».

It’s Time: Roverleir i Afrika

Publisert: 23.08.2009 kl. 15:01 - sist oppdatert: 23.08.2009 kl. 15:02

Er du rover, så kan du vere med på World Scout Moot i Kenya neste sommar. I forkant vil den norske kontingenten reise på safari og rundreise i landet. Fyrste påmeldingsfrist er allereie 30. september. Mottoet for leiren er «It’s time». Det gjeld kanskje for deg òg?

Kva er eit moot?
World Scout Moot vert arrangert kvart fjerde år, og dette vert den fyrste verdsleiren som vert arrangert i Afrika nokon gong. Roverar frå heile verda samlar seg for å ha aktivitetar, verte kjende, utforske eit eksotisk land – og få større internasjonal forståing. Mootet er delt i to: Fyrst er det ut på ulike ekspedisjonar i Kenya i fem dagar, før alle vert samla nokre dagar på ein felles leirstad ved Nairobi.

Kven kan vere med?
Du må vere medlem i eit av speidarforbunda og mellom 18 og 26 år medan mootet varer. Er du eldre, kan du vere med som IST (International Service Team). Som rover er dette truleg det råaste du kan vere med på innan internasjonal speiding, med eit spennande opplegg i eit eksotisk land – og roverar frå praktisk talt heile verda.

Kva kostar det?
Alle må betale for «leirpakken» – som inkluderer mootet (10 dagar), særpregsartiklar, samlingar i forkant og felleskostnader. Vi som kjem frå frå eit rikt, vestleg land betalar også ein dyr leirpris – slik at roverar frå fattige land kan vere med. Så kjem fly og rundreise (så det vert 3 veker totalt) i tillegg – og totalen vert truleg rundt 25 000 kr. Programmet for rundreisa er ikkje klart, men nokre dagar med safari er sjølvsagt. Dei som ikkje vil vere med på rundreisa, betalar berre for «leirpakken» (om lag 6 000 kr) – og må ordne resten sjølv.

Påmelding
Fyrste frist er sett til 30. september. Du skal ikkje betale noko då, men seie ifrå om at du vil vere med. Vi skal ha fyrste samling for kontingenten helga 13-15. november. Ei grundigare påmelding (gjennom medlemssystemet) og fyrste innbetaling vil skje i overgangen november/desember. Les meir om påmelding og få oppdatert informasjon på heimesidene våre.

Info og påmelding: www.kenyamoot.no
Spørsmål: kenyamoot@gmail.com
Tekst: Anders Myhr NielsenFoto: Moot-kontingentenUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no