stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI
Dette er området som skal huse mange tusen speidarar sommaren 2013.

Landsleir 2013 i Stavanger

Publisert: 07.06.2010 kl. 13:35 - sist oppdatert: 07.06.2010 kl. 14:52

Speidarstyret avgjorde i helga at landsleiren i 2013 skal leggjast til Hafrsfjord i Stavanger.

Gode kandidatar
Styret har hatt ein grundig gjennomgang av tre søkjarar, Hove leirstad i Aust-Agder, Hafrsfjord i Vesterlen og Nordby på Ringerike i Øvre Buskerud. Alle tre vart opplevde av styret som veldig aktuelle leirstader, og kretsane får skryt for grundig førearbeid og sterke ynske om å lage leir for heile Norges speiderforbund.

Gode aktivitetar og stor synlegheit
Til slutt fall altså valet på Stavanger, som framstod som mest spennande og aktuelt som landsleirstad i 2013.
- Det er fleire grunnar til dette. Stavanger-regionen gjev spennande moglegheiter både for aktivitetar og naturopplevingar. Det er tilgang til både land, sjø og fjell. Det gjev også ei unik moglegheit til å vise fram kva speiding er, i eit område der det allereie er ein sterk speidarkultur. Landsleiren vil få god synlegheit, seier speidarsjef Lars Atle Andersen.

Lage leir med heile Noreg
Mange aktuelle samarbeidspartnarar i området er også ein av grunnane til at valet til slutt fall på Stavanger. Vesterlen krets har dessutan vist gjennom søknaden sin at dei har mange engasjerte speidarar og leiarar i regionen.
- Dei gler seg veldig til å vere vertskap for speidarane og å lage ein spennande landsleir saman med leirkomiteen, ein leir av og for heile landet, fortel speidarsjefen.
Arbeidet med å få på plass leirkomiteen er godt i gang. Speidarsjefen stilte på pressekonferanse i Stavanger klokka 11.30 i dag om Hafrsfjord som landsleirstad i 2013. Der varsla også ordføraren at han ynskte å vere til stades, så dette vert godt forankra lokalt.

hafrsfjord.png
Leirområdet ligg rett ved dei kjende «Sverd i fjell» ved Hafrsfjord.
Tekst: Nina Therese BlixFoto: Karen Johanne StrømstadUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Har de noko å bidra med?
Skjer det noko spennande i gruppa dykkar som også er interessant for andre i kretsen? I tilfelle er vi interesserte i å skrive om det her på kretsnettsida.
Send tekst og bilete til
eirik.u.birkeland@speidar.net.
Last ned arrangementsplan for 2014!
Arrangementsplan 2010
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no