stemningsbildeLogo
SISTE NYTTARRANGEMENTKRETSENDOKUMENTGALLERI

Kretsbannerkonkurransen 2005

Dato: 22.04.05 - 24.04.05
Stad: Vedvik i Måløy
Vinnar: «Ørn», Førde
Tal patruljar: 7
Tal deltakarar (inkl. leiarar): 51
Deltakande grupper: Måløy, Førde og Naustdal
Vinnarpatruljen: «Ørn» frå Førde
(Foto: Sindre Kvalheim)


50 forventningsfulle deltakarar frå Førde, Naustdal og Måløy, var representerte på årets kretsbannerkonkurranse i speiding, i Vedvik i Måløy.

Det var speidargruppa i Måløy som var arrangør for konkurransen, der speidarar frå 9 til 15 år deltok. Oppgåvene var spennande og varierte.

Speidarane starta med å lage spleis i ulike variantar, deretter laga dei fiskemiddag på bål. Deltakarane måtte sløye fisken, lage han til med poteter og grønsaker, og avslutte med dessert beståande av hermetikk og handpiska krem. For nokre av patruljane vart det ei kulinarisk oppleving, for andre eit noko magert og lite mettande måltid.

Vidare skulle speidarane lage og framføre eit dikt under samlinga rundt leirbålet laurdagskvelden. Søndag var oppgåva å lage ein automatisk flaggheisar. Det vart mange kreative utføringar – nokre meir vellykka enn andre.

Vêret under konkurransen denne helga var fantastisk! Strålande solskin i tre dagar freista fleire av speidarane til å bade på stranda ved Refviksanden. Nettene vart på speidarvis tilbringa i telt. Med 10 brennande bål var vi eit synleg innslag i bygda, og vi vil takke familien Roger Vedvik for lån av leirområde, og bygdelaget for leige av huset.

Årets vinnar av kretsbannerkonkurransen vart patruljen «Ørn» frå Førde. «Puma» frå Måløy vart nummer to. Vinnarane går vidare til NM i Speiding, som i år er i Kristiansand.

Turid Blålid, Måløy speidargruppe
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Sogn og Fjordane krets
Speiderbasen
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Sogn og Fjordane krets av Norges Speiderforbund | sfj@scout.no