Fornøgde KBK-vinnarar

«Maur» frå Systrond 1 vann KBK!

Publisert: 29.04.2012 kl. 17:15 - sist oppdatert: 02.05.2012 kl. 18:21

Jentene i patruljen «Maur» frå Systrond 1 var dei som kunne juble aller høgast under kretsbannerkonkurransen til Sogn og Fjordane krets. Denne vart arrangert på Kjørnes Camping i Sogndal helga 27.–29. april, og seks patruljar deltok.

Litt ut på fredagskvelden byrja speidarane å rykkje inn på Kjørnes, og etter litt trøbbel med telta i vinden kunne den fyrste oppgåva bli sett i gang. Det var teorioppgåva, som omfattar 30 spørsmål med svaralternativ. Vidare utover kvelden var det leirområda til patruljane som stod i fokus, for utsmykking og orden der er også noko som blir vurdert i konkurransen.

Laurdagen er naturleg nok den dagen det er tid til flest konkurransar, og fyrst ut var pionering. Her var oppgåva å lage ein funksjonell oppvaskbenk. Nokre valde meir originale løysingar enn andre, men dei beste sigra på kombinasjonen av funksjonalitet og stabilitet.

Vidare kom den hemmelege oppgåva, som var å lage armband med makramé, og ikkje minst fyrstehjelpsoppgåva. Markørane der hadde fått sminka opp ganske realistiske brannsår, og speidarane måtte bryne seg på kva ein gjer med ei forbrenning av 3. grad.

Litt middag må dessutan til, og denne gjekk også inn i oppgåvene. Patruljane skulle lage kokt laks med poteter, rømme og agurksalat, pluss «tilslørte bondepiker» til dessert. Dei fleste fekk eit godt resultat med laksen men «bondejentene» var nok enkelte litt meir usikre på korleis dei skulle lage til og dandere. Søndag vart det heile avgjort med fotoorientering, der speidarane fekk oppgjeve ein heil del ting som dei måtte finne og ta bilete av på området.

Sigeren i konkurransen vart til slutt relativt klar for jentene i «Maur», men jamnare var det mellom andre- og tredjeplassen, med andre ord skiljet mellom kven som blir kvalifisert til NM og ikkje. «Elg» frå Systrond 1 og «Rev» frå Førde kniva store delar av helga om andreplassen, men til slutt var det «Elg» som trakk det lengste strået, med berre 1 poeng avstand til «Rev». Helga på Kjørnes Camping vart spennande, men vindfull for speidarane!
Tekst: Eirik Ulltang BirkelandFoto: Frida MulenUtskriftsvennlig versjon