JOTI-treff

Publisert: 10.10.2016 kl. 14:03 - sist oppdatert: 10.10.2016 kl. 14:10

No er det under ei veke til speidarar frå heile Sogn og Fjordane igjen kan møtast på Teigen for Jamboree-On-The-Internet. Her vil det bli mange aktivitetar, kommunikasjon med speidarar frå Noreg og utland, og lansert ein ny konkurranse!

På vegne av Sogn og Fjordane krets av Noregs Speidarforbund inviterer Florø FA til speidarsamling! Denne helga er det lagt planar for speidarar og rovarar. 

JOTI er ei forkorting for «Jamboree on the Internet», jamboree på internett, altså eit verdsspeidartreff over internett. Det vert arrangert same helga som JOTA, jamboree på lufta, over heile verda, og har vore det sidan 1996. Deltakarane kan kontakte andre speidarar over chattekanalar, altså over internett. Andre vanlege kommunikasjonsmåtar på JOTI er e-post og lydsamtalar over internett. I tillegg til JOTI-inspirerte aktivitetar, vil det vere mange andre speidaraktivitetar.  

Ein del av merkekravet til "Fordjupingsmerket JOTA/JOTI" er å lære det fonetiske alfabetet og bokstavere namnet ditt. Dette kan vere lurt å sjå litt nærare på før samlinga:

A - alfa
B - beta
C - Charlie
D - Delta
E - Echo
F - Foxtrot
G - Golf
H - Hotel
I - India
J - Juliett
K - Kilo 
L -Lima
M - Mike
N - November
O - Oscar 
P - Papa
Q - Quebec 
R - Romeo 
S - Sierra
T - Tango 
U - Uniform 
V - Victor
W - Whiskey 
X - X-ray 
Y - Yankee
Z - Zulu 
Æ - Ærlig (eller Alfa-Echo)
Ø - Østen (eller Oscar-Echo)
Å - Åse (eller Alfa-Alfa)

Golf-Oscar-Delta -- Juliett-Oscar-Tango-India!!
Tekst: Trine Ludvigsen RyggFoto: UkjentUtskriftsvennlig versjon